Sitemap - oversigt over sider Sitemap
Føj til foretrukne Føj til foretrukne
Udskriv denne side Udskriv

 
 

Ordføraren si side

Alternativ medisin i Fyresdal kommune

Kommunestyret i Fyresdal har i tidlegare møte gått inn for å tilby innbyggjarane i Fyresdal alternativ medisin som eit supplement til vestleg medisin. Målet med dette er å gje innbyggjarane eit betre helsetilbod ein dei har i dag, særleg når det gjeld førebygging. Tilbodet vil sjølvsagt vere valfritt.

Gjennom å kombinere det beste frå vestleg og austleg medisin er mitt mål å kunne gje eit breiare helsetilbod til den enkelte. Dette vere seg smertelindring eller i det førebyggande helsearbeid. Gevinsten av denne kombinasjonen meiner eg vil vise seg i, mindre sjukemeldingar, meir energi og moglegheit for eit rikare liv med betre helse.

Grunna desse ambisjonar og visjonar har vi nå klara å tilsette ein lege som deler våre visjonar. For at vårt helsepersonell skal vere i stand til å gje oss eit alternativt helsetilbod må det tilførast kunnskap.

Ein har to moglege strategiar:

  • Tilsette personale med alternativ kompetanse
  • Utdanne og gje tilbod til eigne tilsette

Siste strategi er valt grunna ynskje om å gje eigne medarbeidarar høve for utvikling og for stabil arbeidskraft. Dette kostar sjølvsagt pengar. Eg har i formannskapet kome med framlegg om kr. 206.000,- til opplæring og oppfylging av 4 personar i kommunen, med tung helsefagleg bakgrunn (lege og sjukepleiarar). Pengane skal takast frå fond slik at driftsbudsjettet ikkje blir belasta. Denne investering skal på sikt vere lønnsam slik at vi får igjen pengane på anna vis. Satsinga skal fylgjast nøye og resultantane evaluerast.

Så til kvaliteten på denne utdanninga som det har kome kritikk mot; Eg vil nok tru at eg sjølv er den som har høgast ynskje om at vi skal lykkast i denne satsinga og at kvaliteten skal vere den beste på det vi gjer.

Når det gjeld Hugo Nilsen og hans parallell akupunktur har eg kvalitetssikra dette slik:

Når det gjeld påstandar om at han er dømt for kvakksalverloven er dette sjekka og er urette påstandar. Eg har til og med forlanga straffeattest og har fått ein som er utan anmerkningar.

Hugo Nilsen er medlem av bransjeorganisasjonen Danske Akupunktører. I samband med hans medlemskap er marknadsføring, heimeside samt utdanning sjekket og funne OK. Dei anbefaler og rosar hans kurs og behandling av pasientar.

Eg kjenner også fleire svært dyktige og anerkjente akupunktører i Norge som har deltatt på hans kurs. Dei er godt nøygde med kursa og brukar mykje av det de lærte på kurset i sin daglege praksis.

Etter kvart forventar eg at resultata talar for seg sjølv og at vi vert kjend i heile Norge for å vere ein føregangskommune når det gjeld førebygging og helse.

Erik Skjervagen Ordførar


Til toppen af siden Udviklet af Altero Webdesign i samarbejde med IT-Profil. Vedligeholdes med ADcms